Vassdragskonsesjon Storågavassdraget
21.12.2012
NVE gir Polarfisk AS løyve til eit begrensa vassuttak frå Storågavassdraget for landbasert oppdrett av fisk, i Bjerangsfjorden i Meløy kommune i Nordland. Dette melder NVE via NTB 21.12.2012.
Polarfisk AS vil ta i bruk eit allereie etablert settefiskanlegg med tilhøyrande røyrleidningar og vassinntak. Løyvet vil gi grunnlag for primært å produsere stør og sekundært anadrom laksefisk ved hjelp av fullverdig resirkuleringsteknologi, heter det i meldingen.
Viktig løyve for Polarfisk
Polarfisk planlegger landbasert oppdrett av stør for produksjon av ekte russisk kaviar.
– Dette er en viktig milepæl for Polarfisk, sier daglig leder Anker Bergli. – Løyvet som gir tilgang på store mengder rent og friskt vann. Det er en forutsetning for å kunne produsere eksklusiv caviar av høy kvalitet.
Polarfisk vil bli verdens nordligste produsent av russisk caviar. Det er mange innsatsfaktorer som påvirker kvaliteten på sluttproduktet. Vannkvaliteten er åpenbart en av de viktigste, sammen med vanntemperatur og fór blant mange andre viktige faktorer.
Beskjedent vassuttak
Den største konflikten mellom vassuttak og tilsig er i følgje hydrologiske overslag midtvinters. Men NVE har gitt løyvet da de ikke forventer at driften vil få konsekvenser for vassdraget. Det er difor forventa at vassuttaket vil få minimale konsekvensar for smoltutvandring og oppvandring av gytefisk. Det er ikkje foreslått slepp av minstevassføring sidan dette medfører inngrep i vassdraget, heter det i meldingen.
I nokre få dagar når det er tørt og kaldt i vinterhalvåret vil vassforbruket til settefiksanlegget vere opp mot det naturlege tilsiget i Storåga. Elva kan bli tørrlagt over en strekning på 30-50 meter. Slik NVE ser det er dette den einaste ulempa av særleg betyding.
Fullverdig resirkuleringsannlegg
At Polarfisk planlegger å etablere et fullskala resirkuleringsanlegg og tiltak for å hindre rømming av smolt har vært avgjørende for innvilgelse av løyve. NVE er av den oppfatning at vassdraget vil bli tatt i bruk på ein god måte. Og legg særleg vekt på at bedrifta skal etablere eit fullverdig resirkuleringsanlegg. Med eit beskjedent vassuttak, vil selskapet kunne produsere ein betydeleg større biomasse enn det som er blitt produsert ved tidlegare drift, heter det i meldingen.
NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser. Dirfor gjev NVE løyve til vassutak frå Storågavassdraget.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Basert på sak publisert av NVE via NTB 21.12.2012. Les hele meldingen her.